Elise og mysteriet med dei døde hestane

Anne Viken

Spennande om hestar og dyrlegedraumen

Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg.

Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 9 år og oppover.

Frå Bokmeldingar

Anne Viken gir den konvensjonsstyrte hesteboksjangeren eit friskt spark bak.
Ingeborg Mjør, Dag og Tid

I tillegg til å vere utruleg spennande er boka også lærerik. Om du er glad i dyr og kanskje går med ein liten veterinær i magen, så er dette den perfekte boka. Likar du spenning og ei fartsfylt forteljing, så kan du også hive deg over denne, og sjølvsagt om du er glad i hest …
Nana Riise-Lynum, Norsk Barneblad

Å lage spenning er ein krevjande sport som Viken kjem vel ifrå. Eg trur at boka vil fenge målgruppa, og eg innrømmer villig at eg let meg rive med i den spennande slutten.
Hans Jakob Reite, NRK Sogn og fjordane


ISBN: 9788252183511

Kategoriar: Anne Viken, Barne- og ungdomsbøker, Pocket

Emneknagg: 2013, Pocket,

Sjanger: Barn og unge



Meir frå Anne Viken