Skjønnlitteratur

Eit spor til endes: roman

«Med fortellingen om Torsteins jakttur har Tore Kvæven skrevet seg inn blant de beste i nordisk litteratur. [Han] har aldri skrevet bedre enn i 'Eit spor til endes'.»
— Adresseavisen
Torstein veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik.

Faren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og inntekter. Saman med den yngre broren Ådne tar han også del i den daglege gardsdrifta, med å henta høy frå løene, vedhogst og dyrestell.

På nabogarden bur Theoline, ho er eit halvt år yngre enn Torstein. Ho er kvikk og uredd og hoppar like langt som gutane på ski. Ho er den beste vennen han har, men no ligg barndommen bak dei, og mangt er i endring.

Då den vide fjellheimen kring Helleren byrjar å krevja meir enn han gir, må Torstein finna sin eigen veg. Ut i vinterens øydemarker, eit spor han følgjer.

299,00 kr
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016677
Meldingar

Sagt om boka

4 omtaler

«Medrivende, intenst og poetisk om en ung gutts kamp for å finne sin vei. ... 'Eit spor til endes'» har blitt en vakker og hard roman om å bli voksen før tiden, om å miste dem man er glad i, og om den sterke trangen til å bevare noe etter dem og også selv etterlate seg et varig spor.»

— Stavanger Aftenblad

«Tore Kvæven har skrevet en intens, værbitt og barsk skildring av tilværelsen som norsk fjellbonde på slutten av 1800-tallet. Naturen slik vi møter den i 'Eit spor til endes' er sublim i klassisk forstand, like fryktinngytende som den er slående vakker, ladet med bibelske motiver og førkristen folketro. ... Nattemørket er så inni hampen mørkt, og Kvæven skildrer den sviende norske vinterkulden med en hallusinatorisk intensitet ...»

— DN

«Tore Kvæven skildrar dagleg­livet på ein gard for over hundre år sidan på detaljert vis, nesten som han skulle ha vore med på det sjølv.»

— NRK

«Sjelden har beskrivelser av snø og is stukket dypere. Kvæven beskriver snøfonnene så temperaturen dropper i rommet. ... I Eit spor til endes tripper ord og vendinger så gullende rene, som et kull nyklekte fjellryper. Ord som daler ned som snøfnugg i panneluggen, smelter og trekker inn. Friskt, nytt og tidløst på samme tid. Kan det være at et språk strippet for anglisismer og uthulte vendinger pipler lengre inn enn våre avmålte danske bokmålsstrukturer? ... For som hovedpersonen fanger ryper i snarene, fanger Kvæven leserne. Eit spor til endes er som en dannelsesreise i villmarka. Den er tidløs, lettlest og etterlater spor som kanskje ikke varer evig, men neppe fyker igjen med det første.»

— BOK365

Tore Kvæven
Om forfattaren

Tore Kvæven

Tore Kvæven (f. 1969) bur i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov. Han har også skrive barneboka Kameljegeren (2013). I 2018 kom romanen Når landet mørknar, som vart tildelt Brageprisen same år og Sørlandets Litteraturpris i 2019. I 2022 fekk Kvæven Stig Sæterbakkens minnepris. Raudt støv. Bok 1 kom hausten 2023 og vart nominert til Sørlandets Litteraturpris 2024. Raudt støv. Bok 2 kom hausten 2024. Tore Kvæven er sauebonde og lærar.

Foto: Tommy Ellingsen