Om boka
Sitat frå melding
«Den andre ungdomsromanen til Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er ein velskriven og engasjerande roman om kjærleik og forelsking, om å høyre til på bygda og å lære seg å leve med ein pappa som målar, speler gitar og syng, men også drikk for mykje. (...) Forfattaren bruker eit moderne og stilsikkert nynorsk som fangar inn ein ungdommeleg uttrykksmåte.» - Reidun Kydland, Nynorskbok.no «ei velskriven hyllest til Vestlandet [...] Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå.» - Janicke Totland, Framtida