Eat your art out

Ida Skivenes | Ida Skivenes

Engelsk utgåve!

Mor di tok feil, det er lov å leike med maten! Og det treng ikkje vere kjedeleg å ete sunt. Med enkle grep kan ei vanleg brødskive bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst.

Kva med isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og kiwi, eller brødskive med Munch-motiv? Eller kanskje du heller vil lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear til sunn og god mat som er moro for både store og små.

Dei artige frukostane er laga med enkelt utstyr og lett tilgjengelege ingrediensar, og mange av dei tar berre 5–15 minutt å få ferdige!


ISBN: 9788293053170

Kategoriar: Alle bøker, Fakta og dokumentar, Ida Skivenes

Emneknagg: 2013, Innbunden,

Sjanger: Hobby, mat og drikke



Meir frå Ida Skivenes