Dystopia III: roman

Barn og ungdom

Dystopia III: roman

12–16 år
I DYSTOPIA III møter vi igjen dei fire ungdommane som klarte å overleva flukta frå England. Dei er på veg sørover, men blir fanga i eit forferdeleg uvêr. Ungdommane bergar livet ved å søkja ly på eit gammalt slott, men dei er knapt komne innanfor slottsporten før folk byrjar å døy rundt dei går det ein mordar laus på slottet? Kven er det som skrik så fælt? Og er det ikkje noko kjent med denne merkelege Mata Hari og den unge mannen som kallar seg for Marco? DYSTOPIA III ER EIN MOTORVEG AV EI LESAROPPLEVING, SKREDDARSYDD FOR UTOLMODIGE OG SPENNINGSGLADE LESARAR. Dette er tredje boka i fireboksserien DYSTOPIA 2014.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185089
Terje Torkildsen
Om forfattaren

Terje Torkildsen

(f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), utvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Høsten 2009 kom Dystopia I – den første boka i serien DYSTOPIA 2014. Som Marki Marco er også desse bøkene skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Torkildsen vann Uprisen for andre gong for Dystopia III i 2012. Torkildsen bur i Stavanger.