Draumen om Hallgjerd
Innbunden

Draumen om Hallgjerd

Torarin Gudrødson har lova den døyande presten Patrick å levere attende ein relikvie til St. Gallenklosteret ved Bodensjøen, og vårjamdøger i året 981 dreg han sørover med eit skip. Det er langt til St. Gallen, og oppdraget er farefullt. Ingen veit at han har ein draum om å møte Hallgjerd på Hjaltland før sola snur.

Dette er ei ny, spennande forteljing frå vikingtida, og den fjerde boka i serien om Gudrødsønene på Fitjar. I Leirfuglen (1999) og Reise med vinden (2000) er det den oppdikta sonesonen til Eirik Blodøks, Gudrød, som er hovudperson. I Rop over havet (2007) og Draumen om Hallgjerd (2009) er det son hans, Torarin, handlinga dreier seg om.

349,00 kr
Berit Vatne Vik
Om forfattaren

Berit Vatne Vik

Berit Vatne Vik er fødd i 1933 i Seim i Nordhordaland. Ho debuterte i 1999 med Leirfuglen, den første boka om Gudrød Gudrødson.