Skjønnlitteratur

Dikt 2014

Samfunnet på kanten av samanbrot.

Dikt 2014 handlar mellom anna om korleis det kjennest å vere i live i starten av eit tusenår, på kanten av samanbrot og subjektivitet. I eit direkte biletspråk og med ein fandenivaldsk tone uttrykkjer dikta avmakt, resignasjon, krisekjensle og katastrofemedvit. Men det svartsynte eg i diktet møter fortvilinga både usentimentalt og med stor humor. Dikt 2014 kastar lesaren hovudstups inn i apokalypsen, og vil garantert både skremme, fascinere og underhalde.

Boka er gjendikta av Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese.
399,00 kr
Theis Ørntoft
Om forfattaren

Theis Ørntoft

(f. 1984) har gått på Forfatterskolen i Danmark. Han debuterte med diktsamlinga YEAHSUITEN i 2009. For denne blei han tildelt Danmarks viktigaste debutantpris, Munch-Christensens Kulturlegat. For Dikt 2014 blei han tildelt Michael Strunge-prisen.