Barn og ungdom

Det verste har allereie skjedd

12–16 årOmsett frå svensk
«Det verste har allerede skjedd er en helstøpt og poetisk ungdomsroman, og knapp på en måte som gjør den virkningsfull.»
— Barnebokkritikk.no
Psykologisk drama om skuld, sorg og eit brutalt drap Sommaren har nettopp starta, og Bianca har fått jobb i eit reingjeringsfirma. Adoptivforeldra synest ikkje det er ein passande jobb for dottera, men Bianca har ikkje noko imot det, tvert om. Etter at det verste hende, bryr ho seg ikkje om noko lenger, ho plukkar gjerne sigarettsneipar dagen lang. Ein dag får ho og ein kollega i oppdrag å rydde ut av ei leilegheit som har vore åstad for eit drap. Bianca grev seg djupt ned i trekantdramaet som førte til mordet, men det einaste ho finn, er si eiga sorg. I Det verste har allereie skjedd utforskar Marta Söderberg skuld, tap og det å vere adoptert. Romanen er skriven med nerve og intensitet, og kvar side landar som ein stein i lesaren. Omsett til norsk av Runa Kvalsund.
329,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010279
Marta Söderberg
Om forfattaren

Marta Söderberg

Marta Söderberg (f. 1980) har studert jus og psykologi ved Universitetet i Gøteborg. Det verste har allereie skjedd er den femte ungdomsboka hennar.