Det svarte sløret
Innbunden

Det svarte sløret

Hawthornes forteljingar handlar kanskje djupast sett om problema menneska har med å sjå kvarandre. Og ikkje minst, som i den siste novella i dette utvalet, Ethan Brand, kor vanskeleg det er for oss å sjå inn i våre eigne hjarte. Når denne manglande evna til å sjå og forstå får blande seg med redsle og overtru, kan vi gjerne seie at vi har eit ekstrakt av stemninga frå desse novellene. Ein lesar vil finne at det er eit stort spenn i forteljingane til Hawthorne, ein motsetnad mellom den store forteljargleda hans og det ofte tragiske innhaldet.

349,00 kr
NH
Om forfattaren

Nathaniel Hawthorne

Forfattarskapen til Nathaniel Hawthorne (1804?1864) omfattar novellesamlingane Twicetold Tales (1837) og Mosses from an Old Manse (1846) etter dette skreiv han tre romanar i rask rekkjefølgje: The Scarlet Letter (1850), The House of the Seven Gables (1851) og The Blithedale Romance (1852). Nathaniel Hawthorne er mest kjend for romanen The Scarlet Letter, men novellene blir også rekna som klassikarar i amerikansk litteraturhistorie. Tema som gjentek seg i desse novellene er ? som elles i Hawthornes forfattarskap ? synd og straff, skuld og skam, og mystiske spørsmål som ikkje får svar. Hawthornes forteljingar handlar kanskje djupast sett om problema menneska har med å sjå kvarandre. Og ikkje minst, som i "Ethan Brand", kor vanskeleg det er for oss å sjå inn i våre eigne hjarte. Når denne manglande evna til å sjå og forstå får blande seg med redsle og overtru, kan vi gjerne seie at vi har eit ekstrakt av stemninga frå desse novellene.

Meir om Nathaniel Hawthorne →