Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz: roman

Skjønnlitteratur

Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz: roman

To søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, bygger hytte i det store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender skulle ikkje hende. Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg. Men kven skal ha omsorg for Jenny? Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ein roman om eit nært og sårt søsterforhold.
329,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252184372
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.