Det er lenge til skumring: roman

Skjønnlitteratur

Det er lenge til skumring: roman

Kampen for ein samisk stat etter ein skandinavisk krig. Frigitt etter den skandinaviske krigen flyttar Raisa og dottera Násti til Finnmark for å leve etter gamle samiske tradisjonar. Mor og dotter prøver å bli ein del av fellesskapen i ein sameleir i Karasjok. Samtidig flyttar samar frå heile verda til Finnmark og skaper ein samisk stat. Den nye staten blir straks angripen av Noreg, Nord-Noreg, Finland og Russland. Raisa må kjempe i krigen for å verje det nye landet sitt og dottera. Men vala ho tek for å halde dottera trygg, skaper stadig større avstand mellom dei. Tharaniga L. Rajahs debutroman er lagd til ei alternativ norsk verkelegheit, etter at Noreg har utsett samar for utreinsking. Det er ei original forteljing om terror, identitet og samhald.
329,00 kr
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252194869
Tharaniga Rajah
Om forfattaren

Tharaniga Rajah

(f. 1984) er frå Moi og bur i Oslo. Ho har studert afrikanske og asiatiske studier og arbeider på Ullevål sjukehus. Det er lenge til skumring er hennar første bok.