Det blinde punktet
Innbunden

Det blinde punktet

Det blinde punktet i auget tek ikkje i mot synsinntrykk, derfor fyller hjernen dette punktet med omkringliggjande detaljar for å skape ein heilskap. Med dette som metode nærmar Jon Olav Sørhaug seg overgangane mellom liv og død. Gjennom prosalyriske sekvensar, dialogar og dikt skriv han fram menneske i situasjonar av grenseerfaring, der både forsvinning og tilbliing står sentralt, og der skiljet mellom dei to verdene blir viska ut.

Det blinde punktet er den andre boka til Jon Olav Sørhaug, som debuterte med den kritikarroste Du finst i bølgene i 2007.

429,00 kr
Jon Olav Sørhaug
Om forfattaren

Jon Olav Sørhaug

Jon Olav Sørhaug (f. 1981) kjem frå Trondheim og er busatt i Kristiansand. Han har doktorgrad i nordisk språkvitenskap og bakgrunn som skjønnlitterær og faglitterær forfattar. I 2007 og 2010 gav han ut to kritikarroste diktsamlingar på Samlaget, og i 2025 er han aktuell med læreboka Samskriving - med og utan kunstig intelligens.