Der det finst fuglar
«Der det finst fuglar» er eit opprørande slektsdrama frå Trøndelagskysten. Det dansk-norske stjerneskotet Maren Uthaug har basert forteljinga på historier ho sjølv høyrde i barndommen om si eiga slekt, heilt tilbake til tippoldefaren. Ho skriv med eit intenst driv som gjer boka vanskeleg å leggje frå seg - og endå vanskelegare å gløyme - om kva isolasjon, hardt vêr og tapt kjærleik kan drive folk til å gjere.
For å redde mor si må Johan gifte seg med Marie, jamvel om det er Hannah han elskar. Den vesle familien flyttar til eit fyr utanfor bygda Uthaug i Trøndelag, der vinden blæs så sterkt at dei må binde fast barna for at dei ikkje skal blåse ut på havet. Sonen deira trur han er ein kalv. Dottera er besett av menn. Marie luktar feil. Og Johan sit på toppen av fyret med ei kjensle av at livet har lurt han. Men kven er det eigentleg som har lurt kven?
«Der det finst fuglar» er ein familiekrønike og ein nordic noir om store tabu, fortald i ein original og usentimental stil med glimt av humor.
Frå dansk ved Ingvild Holvik.
Meldingar
«At det har vært godt romanstoff i historiene i Maren Uthaugs familie er det ikke mye tvil om. Heller ikke at hun har et spesielle litterært talent, som foredler historiene på en fremragende og svært leservennlig vis. For dette er en saftig, mørk materie [...] dette er en virkelig pageturner, og aktørene angår oss. Vi bryr oss om dem. Årsaken til suksessen i Danmark er nok nettopp at dette er et skikkelig storstilt epos, en godt komponert leseropplevelse.» Ole Jacob Hoel, Adresseavisen
«Det er berre å seie det straks: Maren Uthaug er meisterleg. [...] Høgdepunka, eller lågpunkta, alt etter som ein ser det, står i kø og det er så kontrolliert og solid handverk bak denne fint tråkla romanen. [...] Ingvild Holvik har funne eit nydeleg, moderne nynorsk, utan å nytta det duunske dialektbaserte språket eller anna gamalt for å gje struktur til hendingar for hundre år sidan.» Vidar Kvalshaug, BOK365
«Maren Uthaug har skrive ein drastisk og medrivande roman [...] ‘Der det finst fuglar’ er ein roman som verken slurvar med spenningskurva eller med tidsbildet. At personane stadig gjer ukloke val som ein både kan forstå og stønne over på same tid, gir akkurat nok å tygge på for lesaren. Kort sagt: det er ei glede å bli kjent med ein fiks ferdig norsk romanforfattar frå Danmark.» Marta Norheim, NRK
«Som i en krimroman driver nysgjerrigheten denne leseren videre, enda så voldsom historien tidvis er. [...] her er også den historiske romanens ingredienser: ensomme folk, klok prest, bygderaringer, uoppfylte lengsler og lovnader om evig kjærlighet. Bildet av skjebner i småbygder der følelsene stormer i takt med havet, er en klisjé, selv om Uthaug med sitt sobre språk ofte unngår nettopp det.» Ida Vågsether, Morgenbladet
«Hun lar de tre sentrale karakterene i romanen fortelle historien fra sitt ståsted. Det er en komplisert øvelse, som i dette tilfelle fungerer fint. Den samme fortellingen får lys fra tre forskjellige kilder, hemmeligheter avdekkes, motiver klargjøres og sympatier skifter plass. Denne konstruksjonen gjør også at spenningsnivået i romanen holder seg helt til de siste sidene.» Turid Larsen, Dagsavisen
«Dansk-norske Maren Uthaug har brukt fyrtårnet til å skrive en sidevender med ingredienser som ulykkelig kjærlighet, store stygge hemmeligheter, gudsfrykt, incest, uheldige graviditeter og barnedrap. [...] i en romansetting fungerer den dramatiske fortellingen godt, og følelser som skam, vemmelse og desperasjon skaper unektelig et godt driv.» Katrine Judit Urke, Dagbladet
«Maren Uthaug har fanget en spesiell stemning i boka, og hun har klart å beskrive følelser og fornemmelser som kan oppstå etter lang tid i isolasjon slik beboerne på fyret opplevde. [...] Til leserne som ønsker en intenst velskrevet bok som river deg vekk fra nåtiden - her har du den!» Solgunn Solli, Altaposten
Bla-i-boka
Maren Uthaug
Maren Uthaug(f. 1972) er halvt samisk, med røter på Trøndelagskysten og i Kautokeino, og flytta til Danmark som åtteåring. Ho har gitt ut ei rekke satiriske teikneseriebøker og teiknar den daglege stripa i Politikens kulturseksjon. I 2013 debuterte ho som romanforfattar og har sidan mottatt DR Romanprisen, Otto B. Lindhardt Prisen og Læsernes Bogpris. 11 % er den fjerde romanen hennar, for boka fekk Uthaug den danske bokhandlerprisen De Gyldne Laurbær.
Fleire foto av Maren Uthaug:
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO