Den største diamanten i verda (kriminelle lidenskapar)
Hefta

Lyrikk, drama og essay

Den største diamanten i verda (kriminelle lidenskapar)

Ei kvinne besøker ein mann i huset hans. Han er eldre og sjuk, ho litt yngre. Kvinna har med seg ektemannen, men vi møter han aldri på scenen. I løpet av stykket blir kjærleiksforholdet som har vore mellom dei to bretta ut. Det tok slutt for lenge sidan, men er der mellom dei enno. Begge skuldar den andre for å ha svikta kjærleiken, og tilskodaren følgjer møtet mellom dei som ein maktkamp om kven som har elska mest.

329,00 kr
GM
Om forfattaren

Gregory Motton

Gregory Motton er fødd I London I 1961. Han har skrive eit titals teaterstykke der realismen glir mot satire og sterke uttrykk. Han har vist seg som ein av dei mest nyskapande engelske dramaturgar dei siste tjue åra.