Den store epleboka

Astrid Grønsnes | Sara Grethe Eitrheim | Anna Aakre Kråkevik

Eplet har sidan Adam og Eva stått i ei særstilling. I denne appetittvekkjande bruksboka viser dei to epleentusiastane Eitrheim og Grønsnes at eplet er meir enn ei kvardagsleg frukt.

Dei tek oss med på ei spennande epleferd gjennom segn og mytar, norsk eplehistorie, eplet i kunsten, kvardagsleg epledyrking, kjerringråd, ordtak og epleleikar. Eitrheim og Grønsnes har samla over 200 oppskrifter frå heile landet, og byr på eit rikt utval av smakfulle eplerettar: Kaker, salatar, middagar, dessertar og drikke – alt med eple som viktig ingrediens. Det bugnande eplestoffet er ramma lekkert inn med foto, historiske bilete, måleri og teikningar.


ISBN: 9788252160345

Kategoriar: Astrid Grønsnes

Emneknagg: 2002, Innbunden,

Sjanger: Unknown Type



Meir frå Astrid Grønsnes