Den kalde krigen

Fagbøker

Den kalde krigen

Epoken omtalt som .den kalde krigen. står sentralt i internasjonal politisk historie. I boka gir forfattaren ei grundig innføring i perioden med vekt på nyare internasjonal forsking. Boka inngår i serien Utsyn&innsikt. Epoken som går under nemninga .den kalde krigen. er eit sentralt emne i internasjonal politisk historie. I denne boka gir forfattaren ei kortfatta innføring i perioden. Hovudtrekka i boka vil vere kvifor den kalde krigen oppstod, skifta mellom tilspissing og avspenning, og korleis og kvifor epoken brått tok slutt rundt 1990. Gjennom heile framstillinga vil forfattaren flette inn nyare forsking og dei ulike forskingstradisjonane som har vore på feltet, og slik vil boka gi ei ny og oppdatert innføring i epoken.
249,00 kr
Sider
155
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234000447
HT
Om forfattaren

Hallvard Tjelmeland

Hallvard Tjelmeland er professor emeritus i historie ved UiT Noregs arktiske universitet. Tjelmeland har ein brei fagleg bakgrunn, men hans primære forskings- og undervisningsfelt har vore norsk og internasjonal historie i det 20. hundreåret, og dei siste tjue åra primært kald krig, norsk–sovjetiske relasjonar og verknader av andre verdskrigen.