InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Den bortkomne: roman

«Boka har ... to klare kvaliteter: Orten har skrevet en genuin, saftig sexscene, og han har skapt en skikkelig raring av en jeg-forteller, en både stusselig og høystemt slabbedask som man aldri blir helt klok på. Den u...»
— Henrik Keyser Pedersen, Klassekampen
Ein lærar vender uventa tilbake til heimbygda, og gamle venner og naboar byrjar å stusse: Kva gjer den dedikerte undervisaren heime no, midt i skuleåret? Og kvifor har den elles så opne og omgjengelege karen slått av ljosa og trekt for gardinene? Permisjon, er svaret hans. Han har teke seg ein aldri så liten ferie. Mens læraren vandrar kvilelaust rundt på golva i barndomsheimen og stadig vender tilbake til eiga fortid for å forstå situasjonen han er i, grev Nemnda seg djupare og djupare ned i livet hans. Kva har han eigentleg sagt i klasserommet? Korleis har han kommunisert med elevane? Og ikkje minst: Kva skjedde mellom han og 16-åringen Embla på det grupperommet? Den bortkomne er ein klaustrofobisk og fleirtydig roman om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle.
429,00 kr
Sider
152
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010583
Øystein Orten
Om forfattaren

Øystein Orten

 

(f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. I bøkene sine kombinerer han ofte historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.