Den blå, blå himmelen
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Den blå, blå himmelen

9–12 år
Sjølv om eg likar best å vera åleine, så er det litt kjedeleg òg. Er det ingenting som skal skje med meg? Noko. eg veit ikkje. Eg går jo og ventar heile tida på at noko skal skje. Då må det vel til slutt skje noko! Elleve år gamle Giovanni frå Padova går mykje for seg sjølv og drøymer om noko han ikkje heil veit kva er. Ein kveld når han trur han er åleine, støkk han til, snur seg og ser over skuldra. Han ser opp på ein stor, mørk og skummel skapning med ein brennande fakkel i handa. Etter dette forandrar alt seg.
215,00 kr
Sider
72
Utgivingsår
2000
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252156683
Bjørn Sortland
Om forfattaren

Bjørn Sortland

Fødd 1968 i Sunnhordland, bur no i Oslo. Studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Utdanna sosionom. Frå 1998 forfattar på heiltid. Prisar: Prix Octogone 1994, Det austerrikske kulturministeriets barnebokpris 1995, Deutscher Jugendliteraturpreis 1996 for "Raudt, blått og litt gult" saman med Lars Elling. Prix Octogone 1995 for "Forteljinga om jakta på forteljinga" saman med Lars Elling. Noregs Mållags barnebokpris 1995 for "Himmelkyss". Kulturdepartementets litteraturpris 1997 for "Love Light". 1. pris i Aschehougs barnebokkonkurranse 1997 for "Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar". Skolebibliotekarforeningens litteraturpris 1999 for "Å venta på regnbogen" og dei andre kunstbøkene. Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 2000