Den andre søstera: roman

Barn og ungdom

Den andre søstera: roman

12–16 år
Nyinnflytta i skummelt hus. Selma og familien har flytta inn i eit gammalt hus. Men Selma orkar ikkje vere åleine i huset. For der er det merkelege og ukjende lydar, og det skjer uforklarlege ting. Selma får vere i fred i hagen. Så dukkar Anna opp, ei jente Selma gjerne vil bli kjend med. Men kven er no denne Anna? Og kva løyndommar er det mor til Selma ber på? Boka er del av GRØSS OG GRU - ein ny grøssarserie for ungdom, utvikla i samarbeid med Leser søker bok.
249,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195156
Laura Djupvik
Om forfattaren

Laura Djupvik

(f. 1970) er forlagsredaktør, skribent og forfattar. Ho kjem frå Gurskøy på Sunnmøre og bur no i Lier ved Drammen. Ho debuterte med romanen Båten er så liten i 2004. I 2008 fekk ho Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin. Djupvik kom med romanen Kvitt (Kolon forlag) i 2013 og Hjartet er ingen logrande hund i 2019.