Darwins sporvar: roman

Skjønnlitteratur

Darwins sporvar: roman

Intenst om mor og dotter. I eit rom med vindauge mot havet ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si. Sally måtte vere med. Ho leika med trådar, dikta med saumar, streva med puslebitar i baksetet av bilen. I byen ved kysten blei alt brått heilt annleis. Mor forsvann. Sally blei sendt til Samuel, ein fullstendig framand. På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit stort sår i dette forholdet. To ulike lagnader, som begge krinsar rundt svik og tap av kjærleik. Nye bandasjar Såret gror, seier dei Såret gror ikkje Du legg ei hand på panna mi Eg kan ikkje møte blikket ditt
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181555
marit o kaldhol
Om forfattaren

marit o kaldhol

marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.

Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.

kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.