Dans stille før stormen: roman

Barn og ungdom

Dans stille før stormen: roman

12–16 år
Julie har øvd som ein gal for å klare opptaksprøvene til ballettskolen i London, men denne ettermiddagen rett før ho skal reise tar ho ein pause i dansinga for å vere med kjærasten ut i sjarken hans. Dei går i land på skjera, men brått blir idyllen broten av ei ulykke. Julie må sette livet og dansen på spel for å redde den unge fiskaren ho elskar. Ein medrivande og intens roman om hav, dans og to unge elskande som ikkje deler framtidstankar, men likevel drøymer om eit liv med kvarandre. Torvald Sund frå Levanger har ein lang og variert forfattarskap bak seg, denne gongen slår han til med ei bok om kjærleik på tvers av bakgrunn og familie.
249,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252185546
Torvald Sund
Om forfattaren

Torvald Sund

(f. 1952) er frå Stjørna i Sør-Trøndelag. Han debuterte med ungdomsromanen Haustsommar i reinfjellet i 1979 og har sidan gitt ut ei lang rekkje bøker for barn og vaksne, og fått oppført fleire skodespel. Torvald Sund har ein lang og variert forfattarskap bak seg, og er dessutan ein etablert dramatikar. Sidan debuten med Brenn draumane mine på Callos rei (Teateret Vårt, 1998) har han fått oppført 15 skodespel. Stykket Onkel Oskar blei filmatisert i 1997. Barne- og ungdomsbøkene til Sund er omsette til over ti språk, og han har fått fleire kultur- og litteraturprisar, m.a. Nynorsk Barnelitteraturpris (1981, 1991 og 2001), Norsk Biblioteksforenings ærespris (2002) og Levanger kommunes kulturpris (2006). Torvald Sund er busett i Levanger.