Skjønnlitteratur
Dagbok frå eit tomrom
«Den japanske forfattaren Emi Yagi har skrive ei bok som har alt: Ei overraskande forteljing, summande godt språk, filosofiske innslag og skarp samfunnskritikk.»
— Framtida
Ettersom ho er einaste kvinne på kontoret, blir det venta av Shibata at ho gjer alle dei kjipe arbeidsoppgåvene ho aldri har bedt om. Ein dag får ho nok og seier at ho ikkje kan vaske dei brukte kaffikoppane til kollegaene lenger fordi ho er gravid og ikkje toler lukta.
Gravide Shibata treng ikkje servere kaffi til nokon. Gravide Shibata treng ikkje jobbe overtid. Gravide Shibata ser på TV, tek lange bad og blir med på aerobictimar for framtidige mødrer. Det er berre det at Shibata ikkje er gravid, og no har ho ei ni månader lang løgn å oppretthalde.
Med svart humor og presis samfunnssatire skildrar Dagbok frå eit tomrom korleis ei kvinne må dikte opp ein graviditet for å bli sett og respektert.
Dagbok frå eit tomrom vart kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan.
Frå japansk ved Ingvill Kjærstein.
Sagt om boka
«Briljant satire ... Boka etterlèt meg oppstemt, språkleg lukkeleg og djupt informert. Romanen blei kåra til ei av årets ti beste bøker i The New Yorker og vann den prestisjefulle debutantprisen Dazai Osamu i Japan. No håpar eg òg at Ingvill Kjærstein får ein pris for den framifrå, ledige og samvitsfulle omsettinga si. Det konvensjonsbrytande etterordet hennar burde også fått ein pris.»
— Dag og Tid
«Debutboka til japanske Emi Yagi byr på snerten samtidskritikk ... Ingvill Kjærstein har gjort ein ypparleg jobb med å hente fram bokstavrimande norske ord som samstundes underbyggjer dei rytmiske rørslene til maskinene ... Underkommunisering av humor og lengt gjer at ein må lese grundigare. Og gjer ein det, ligg det langt fleire nivå her enn kva den nøkterne stilen skulle tilseie.»
— NRK
«[Dagbok frå eit tomrom] - oversatt til framifrå nynorsk av Ingvill Kjærstein - balanserer syrlig samfunnskritikk og eksistensielle spørsmål med deilig bekmørk humor. […] Kan leses på en helg - eller når du bare trenger å tenke litt andre tanker.»
— Dagens Næringsliv
«romanen er absolutt en god blanding av letthet og alvor, av en snurrig historie og et kritisk blikk på kvinners vilkår i Japan. [...] En stund framstår romanen som en avlegger til Bridget Jones-sjangeren; en lettbeint fortelling om en singel, passe ung kvinne, med en passe inspirerende jobb. Komikken er dempet tilstede, og ligger i hvor helhjertet Shibata stuper inn i graviditeten.»
— Dagbladet
«Ideen er briljant [...] svært solid oversettelse av japanske Emi Yagis kritikerroste prisbelønte debutroman «Dagbok frå eit tomrom»»
— Klassekampen
«Emi Yagis samfunnskritikk er sylskarp... [For] i et individualistisk samfunn der ensomheten rår er det også enklere å lyve. Ingen kommer inn i hjemmet ditt og sjekker, ingen følger egentlig opp. At Emi Yagi lar denne kritikken komme frem mellom linjene er flott gjort. Hun får også frem det paradoksale med at vi lever i et samfunn der så mange er ensomme.»
— Morgenbladet



