Daga
Innbunden

Daga

Daga handlar om kjærleik. Den som er, den som var, og den som aldri kjem. Om kva slags val vi tek i løpet av livet, og kva slags konsekvensar dei får, både for oss sjølve og dei omkring oss. Val vi aldri kan gjere på nytt.

429,00 kr
Sigmund Løvåsen
Om forfattaren

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett på Svartskog i Nordre Follo
kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Han har tidlegare vore leiar for Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring og leiar av Kulturrådet. Løvåsen debuterte i 2003 med
romanen Nyryddinga, og for den blei han tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2- lyttaranes romanpris. Han har sidan gitt ut romanar, skodespel, barnebok, biografi og diktsamling. Siste utgiving på Samlaget var diktsamlinga Tusen elgar i garasjen, som han vart nominert til Brageprisen for.