Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør

Generell litteratur

Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør

«Anders Totland har skrive boka som gjer at du endeleg forstår vindmølledebatten.»
— Framtida.no
Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945. Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år? Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis, Kvinnheringen og Sunnhordland.
299,00 kr
Utgivingsår
2021
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004384
Meiningar

Det kritikarane seier

3 omtaler

«Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggjande sympatisk innstilling til det folkelege engasjementet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremisme og konspirasjonstenking, som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane, polariseringa og mistilliten som har vakse fram, og som kan bli eit demokratisk problem.»

— Stavanger Aftenblad

«"Opplysende om hvordan vindkraft-rapport ble blåst ut av proporsjoner og skapte full stor Dette er boken for alle som finner vindkraftdebatten merkelig og rar, og et hederlig forsøk på å nyansere en polarisert debatt."»

— Bergens Tidende

«Vi treng bøker som denne, som kan dukke ned i litt uforklarlege fenomen som oppstår, forklarar dei med innestemme og gir eit nært portrett av dei som stiller seg i vegen for anleggsmaskiner, dumparar og lastebilar lasta med vindturbinar. Anders Totland er ein solid sakprosaforfattar som handterer denne oppgåva veldig godt, og boka hans om vindkraftmotstandarane er viktig lesnad»

— Vårt Land

Anders Totland
Om forfattaren

Anders Totland

Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Han er forfattar og har skrive fleire bøker både for barn og for vaksne. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje bøker i fleire sjangrar, deriblant Den norske slavehandelen (2018), Gunnars rekordbok (2024) og Mamma på dass (2025). Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2022 kom den første boka om den pensjonerte presten Jacob Juul, Til jord skal du bli, og i 2024 kom den nokså frittståande oppfølgjaren Til døden skil oss.