Bronto Biff på Café Olala
E-bok

Barn og ungdom

Bronto Biff på Café Olala

Til 3 år
Ellevill dinosaurhistorie! Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat! Dag etter dag, veke etter veke. Men ein dag får han nok. Det må då vere meir i livet enn dette? For første gong i livet går Bronto på restaurant, og bestiller alt på menyen. Men alt er litt for mykje for magen til Bronto ... kanskje å smake på passe mykje er betre? Dette er ei sprudlande bildebok om tema ungar har eit nært forhold til: kjensler, smakar, lukter, fargar, mat og bæsj. Og Bronto Biff er ein uttrykksfull fyr som ber historia på dei digre dinosaurskuldrene sine.
179,00 kr
Utgivingsår
2014
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252186277
Nhu Diep
Om forfattaren

Nhu Diep

(f. 1978) er frå Vietnam og busett i Bergen. Ho er utdanna innan visuell kommunikasjon og illustrasjon, og underviser ved Norges Kreative fagskole. Nhu Diep debuterte med dei populære småbarnsbøkene om Lille Ting i 2010.