InnbundenFleire format

Generell litteratur

Brødboka

Korleis laga eit saftig, sunt og knallgodt brød? Det er knapt noko matemne Bodil Nordjore har fått fleire spørsmål om enn brød. Her har ho samla dei 120 aller beste oppskriftene. Du får oppskrifter på kvardagsbrød, brød tilsett ulikt godt, som lauk, oliven eller tomat. Her finn du òg oppskrifter på småbrød som foccacia, franske bagettar og heilnorske rundstykke. Og du får vita korleis ein lagar brødet nordmenn har ete i generasjonar, nemleg flatbrød, og ei solid innføring i korleis ein bakar med surdeig. Bodil Nordjore svarar også på alt ein lurar på når det gjeld baking. Kor lenge skal brød eltast? Kva er ein kald og ein varm deig? Når skal saltet i brødet? Skal ein bruka olje i brødet? Kva skjer med brødet om deigen er laus? Korleis laga eit haldbart brød?
399,00 kr
Sider
293
Utgivingsår
2013
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252183214
Bodil Nordjore
Om forfattaren

Bodil Nordjore

(f. 1959) bur i Vinje og er kjend for mange frå NRK-programma Kvelden før kvelden, Nitimen og Matlyst. Ho er lektor ved Høgskulen i Telemark og fagansvarleg fro tradisjonsmatstudiet på Rauland. Nordjore har tidlegare gjeve ut bøker om blant anna fjellmat, pølser og julemat. Ho er fast spaltist i Tara Smak. Nordjore reiser land og strand rundt med kunnskap og kurs om mat.
Meir om Bodil Nordjore →