Skjønnlitteratur

Bomullsengelen: roman

Omsett frå svensk
«Sveiper som en stø lyskaster over anonyme og glemte kvinneliv i vår nære forhistorie»
— Dagbladet
Rikt storverk om kvinneliv gjennom fire generasjonar Hilda blir fødd i 1905 og veks opp på garden Sorola i Österbotten, i ei tid der Finland er prega av uår og krig. Mor fekk stiresjuka etter fødselen og er bortanfor alt. Far er i Amerika. Men Hilda er ikkje einsam, ho har katten Kisuli og eldgamle, gudfryktige Sanna-täti som tar hand om alt. Då Hilda blir større, hamnar ho i ulykka og må reise frå tryggleiken heime for å gå i teneste på ein annan gard. Det er tungt arbeid frå morgon til kveld, fritid kan ho sjå langt etter, og ho kjenner arbeidet på kroppen sjølv om ho enno ikkje er fylt tjue. På garden er også Helli, som blir hennar beste ven. Helli forstår ikkje kvifor nokon må slite så hardt for andre, og tar med seg Hilda til Vasa, til den oransjefarga bomullsfabrikken og ein lovnad om eit anna liv. Bomullsengelen er første bok i ein kraftfull kvartett om liv, arbeid og lengt for kvinner i Finland og Sverige på 1900-talet. Dette er ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven. Frå svensk ved Runa Kvalsund.
249,00 kr
Sider
509
Utgivingsår
2024
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012761
Meiningar

Det kritikarane seier

4 omtaler

«Litterært meisterverk. [...] Perkele anamma, for ein fantastisk roman Susanna Alakoski har skrive.»

— Tara

«Formidabelt prosjekt»

— Stavanger Aftenblad

«Et sterkt og viktig bidrag til vår felles historie»

— NRK

«Ei slags nordisk Elena Ferrante»

— Morgenbladet

Susanna Alakoski
Om forfattaren

Susanna Alakoski

SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962) debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første bok i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Boka vart omsett til norsk i 2023, med tittelen Bomullsengelen. I 2024 kom andre boka i kvartetten, Londonjenta (svensk, Londonflickan, 2021), og no ligg tredje boka, Barnebarnet (svensk, Dotterdottern, 2024), føre. Den siste boka i kvartetten, Sverigefamilien, er venta våren 2026.

Alakoski har eit brennande engasjement for den kvinnelege arbeidarklassa, som er arbeidande og intellektuell, ofte med ein ukueleg kunnskapshunger, men samtidig strøypt av eit hardt liv. Dette engasjementet er tydeleg til stades i Bomullskvartetten.