Blokka på Bjerke: tretten år i tredje etasje

Generell litteratur

Blokka på Bjerke: tretten år i tredje etasje

3 t 52 min
««Blokka på Bjerke» er en høyst leseverdig skildring av livet ved Groruddalens begynnelse. [...] En herlig upretensiøs kulturanalyse, som ikke er mindre skarp og underfundig av den grunn. [...] Hatterud har nemlig et h...»
— Dagbladet
Tretten år i tredje etasje I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt. «Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.
379,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010873
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Bjørn Hatteruds hjerte banker for alle som er litt annerledes. Menneskene han beskriver dukker sjelden opp i offentligheten, men i «Blokka på Bjerke» gir han mange god plass og beskriver dem med respekt»

— Dagens Næringsliv

«Dårleg økonomi er tabu. Men ikkje hos Hatterud. Dårleg helse [...] er tabu. Men ikkje hos Hatterud. Einsemd er i alle fall tabu. Men ikkje hos Hatterud. [...] ei varm og klok forteljing, med ein fin fyr i hovudrolla. [...] morosamt og smart om bustader o»

— Dagsavisen

Bjørn Hatterud
Om forfattaren

Bjørn Hatterud

(f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar, er medlem av Kringkastingsrådet og lagar støymusikk. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.