Blodspora frå Dagaliveien: Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard

Generell litteratur

Blodspora frå Dagaliveien: Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard

10 t 19 min
«[.] er ytterst medrivende, helt uten å gå i «true crime»-klisjéfellene. Prosaen er korthuggen og journalistisk, poengtert og effektiv.»
— BOK365
Vinnar av Subjektprisen 2023! 11. oktober 2023 er det tretti år sidan forleggjaren William Nygaard blei skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo, attentatet blei kopla til fatwaen mot Salman Rushdie. Framleis er saka uløyst. I denne boka nøstar gravejournalisten Odd Isungset opp dei lause trådane i ei dramatisk krimforteljing som handlar om svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse for ei av dei viktigaste ytringsfridomssakene i vår tid. Kva er grunnen til at denne saka enda ikkje er oppklart? Kva skjedde då ein mistenkt vart arrestert og brått lauslaten? Kvifor fekk ikkje eingong Nygaard vite at saka blei henlagd i det stille i 2007? I 2018 blei to menn sikta for å ha forsøkt å ta livet av William Nygaard. Kvifor greier ikkje norsk politi å løyse saka? Er det frykta for å legge seg ut med Iran som gjer at denne kriminalsaka framleis ikkje har fått ei løysing? Blodspora frå Dagaliveien fører heilt fram til i dag, i august 2022 blei Salman Rushdie knivstukken under eit arrangement i USA.
379,00 kr
Utgivingsår
2023
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234012426
Meldingar

Sagt om boka

5 omtaler

«Vanvittig spennende om «den største politiskandalen etter krigen»»

— Subjekt

«Isungset gir ei imponerande og heilskapleg framstilling av historia heilt frå fatwaen blei framsett [.] Dette er ei lærebok i godt journalistisk arbeid frå ein mann som har vore grenselaust uthaldande i nærare 30 år. Det fortener respekt.»

— Dag og Tid

«[...] et sviende oppgjør med slett politiarbeid, med Oslo politidistrikt, med det offentlige Norges manglende vilje til å knytte William Nygaard-attentatet til et større internasjonalt bilde og til fremmede stater, og til syvende og sist også et oppgjør med kolleger og det han kaller manglende journalistisk innsats.»

— Dagsavisen

«Som lesar følgjer vi Isungsets arbeid med saka fram til i dag, med tallause krav om innsyn og funn av nye spor. Han møtte mykje motstand, også frå kollegaer i pressa, men han gav seg aldri. Det er denne kampen som gjer boka til spennande lesing.»

— Dag og Tid

«[...] utgjør det sterkeste dokumentet over en av vår tids sentrale saker i skjæringspunktet mellom ytringsfrihet, religion, rettsfrihet og storpolitikk. Nye funn samt nytt blikk på arkiver, pressedekning og sakspapirer bidrar til at Isungset skaper en kriminalkrønike som strekker seg over 30 år [.] I detaljrikdom og merkverdigheter slår dette det meste av det som skrives av fiksjonskrim.»

— Dagsavisen

Odd Isungset
Om forfattaren

Odd Isungset

Odd Isungset (f.1955) er journalist og forfattar. Han har tidlegare vore redaktør i Brennpunkt og Dokument 2 og har fått Den store journalistprisen, Fritt Ords honnørpris og SKUP-diplom for sitt arbeid med Nygaard-saka. Det er i stor grad Odd Isungsets iherdige journalistiske gravearbeid som gjorde at saka blei gjenopna i. For boka Blodspora frå Dagalivegen: Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard mottok han Subjektprisen 2023.

Meir om Odd Isungset →