Sinnamekker'ns bilalbum: bilar med sjel

Ståle Eskeland |
Innbunden | Sidetal: 159 | ISBN: 9788234011795

Pris:
Salspris429,00 kr

Om boka

Når bil er sjølve livet Den aller første bilen Ståle Eskeland eigde, var ein Volvo Amazon 1963-modell, ein bil med terningar i alle vindauge, skogar av wunderbaum og sota ruter. Unge Eskeland mekka på den gamle doningen og køyrde fram og tilbake på bygdevegane. Sidan den gong har Eskeland hatt nærare 500 bilar, og han hugsar kvar einaste av dei. Bilane er for Eskeland ein hobby og ein lidenskap. Eskeland presenterer vitale mål og fysiske detaljar, men minst like viktig er historiene om motorstopp og kollisjonar, kjøp og sal, langturar på smale vegar og reparasjonane som aldri tok slutt. Bilen er langt meir enn eit transportmiddel for mange, særleg på bygda. Bilen er samlingsplass, meistring og tidtrøyte. Dette er boka for alle som elskar bilar, og som likar å stå krumbøygd med skiftenøkkelen under eit bulkete panser. Bli med inn i ei verd med skaisete og dinglande terningar, skambod og pruting, rust og eksos.

Sitat frå melding

«Du treng ikkje vere autofil for å ha glede av denne boka [.] Eskelands slentrande og ujålete stil, krydra med frodige miljøskildringar frå norsk bygdeliv, gjer det til ei lita perle i bokhausten.» - Jan Nyberg, Bergens Tidende «Bilalbumet er morosam kulturhistorie, som er lite omtalt i norsk litteratur. Boka er også eit kvalifisert og sakleg argument for rånekulturens verdiar, lett gjenkjenneleg for alle som har vakse opp på bygdene.» - Jan Nyberg, Bergens Tidende

Bla-i-boka

Du likar kanskje også

Sist sett på