Bikubesong: roman

Skjønnlitteratur

Bikubesong: roman

9 t 4 min
Romanen skildrar eitt år i Murboligen, ein arbeidarbustad i Odda. Her er kjærleik, kidnapping, politikk, løgner, utruskap og Ola Nordmann frå Hardanger. Bikubesong er ein kollektivroman om det mytologiske Odda, varmt og utleverande skildra, men også med eit skarpt innsyn i det norske sosialdemokratiet anno 1999.
379,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234004247
Frode Grytten
Om forfattaren

Frode Grytten

(f. 1960) er frå Odda. Han er ein av dei mest markante novelleforfattarane i Noreg, men har òg hatt suksess innanfor fleire andre sjangrar. Det store gjennombrotet fekk han med romanen Bikubesong i 1999. Grytten debuterte i 1983, og har sidan skrive både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Novellene hans har blitt gitt ut i fleire samlingar og utval, seinast i den 870 sider tjukke Noveller i samling frå 2009.

Felles for tekstane til Grytten er at dei skildrar vanlege folks liv med ein uvanleg energi, både medrivande barndomsskildringar og kompliserte kjærleikshistorier blir fortalde på ein varm måte som gjer det mogleg å følgje karakterane inn i dei mest hudlause situasjonar. Grytten har lang fartstid som essayist og journalist, m.a. som reporter for Bergens Tidende. Han har undervist i reportasjeskriving på universitet, høgskolar og i dei fleste store redaksjonar i Noreg, og blei i 2003 tildelt Norsk språkpris for sitt journalistiske arbeid. I boka 50/50 frå 2010, er 50 av hans journalistiske tekstar for første gong samla mellom to permar.

Frode Grytten fekk Brageprisen for Bikubesong i 1999 og blei for same bok nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Han blei tildelt Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008. Teaterversjonen av Bikubesong mottok strålande kritikk og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Grytten bur i Bergen.