Bernt Støylen
Innbunden

Bernt Støylen

Etter år som kapellan i Bergen, sjømannsprest i Cardiff og frå 1895 styrar ved Notodden lærarskule vart han i 1903 lærar og professor ved Det praktisk-teologiske seminar, og 1908_x0096_1911 medlem av Kyrkjekommisjonen. I 1913 vart han kalla til biskop i Kristiansand, der han verka til 1930. Med sin friske og folkelege stil var han svært omtykt.

Støylen var sterkt engasjert i fråhaldssak og misjon og arbeidde for ei fri folkekyrkje. Han var ingen radikal teolog, men fekk ei sentral rolle i den såkalla ordinasjonsstriden i 1923, då han tok på seg å vigsle den liberale Jens Gleditsch som biskop. Indremisjonen, med professor Ole Hallesby og sokneprest Johan M. Wisløff i spissen, sette i gang boikott av Støylen, noko han livet ut opplevde som urettvist.

429,00 kr
Olga Støylen Runde
Om forfattaren

Olga Støylen Runde

Olga Støylen Runde (f. 1945 på Kvamsøy på Sunnmøre), lektorutdanna (lærarskule i Volda og på Notodden, kristendom og nordisk hovudfag UiO), har arbeidd i skulen i over 30 år, først i Oslo, frå 1979 i den vidaregåande skulen i Ulsteinvik.