Beijing Palace

Skjønnlitteratur

Beijing Palace

31 min
Kjerand (40) vart adoptert til ei lita bygd og har halde i skjørtekanten til mor si heile livet. Til no. No er han på veg til Bergen for å skaffe seg ein jobb og eit liv på eiga hand. På vegen møter han både kvardagsrasisme og spennande moglegheiter – kanskje møter han også seg sjølv litt i døra? Vil han klare å lausrive seg eller må han vende heim? 
79,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234016240
Brynjulf Jung Tjønn
Om forfattaren

Brynjulf Jung Tjønn

BRYNJULF JUNG TJØNN (f. 1980) har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. Han har tidlegare vunne Brageprisen, P2-lyttaranes romanpris, Kritikarprisen, Ungdommens kritikarpris, Nynorsk litteraturpris og Samlagsprisen.