Hovudmålet med boka er å gi kunnskap om korleis teikning ytrar seg som estetisk verksemd. Difor har berre det siste kapitlet pedogogisk/metodiske refleksjonar som tema. Forfattaren tek sikte på å kasta lys frå litt ulike kantar inn over dette feltet, og ho ønsker å gi innføring i ulike sider ved fenomenet, som også kan kallas barns bruk av biletkunstnarlege verkemiddel. Illustrert. Har litteraturliste og register.