InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Barnet, elden, vatnet

Jøkelbrann
over moldpoetane
utan auge

og når nøda kjem
ropar selja:

følg sideelvene
og gåsungens 
todelte ansikt

beredskapslageret?
det første bålet 

Dette er ei bok på villspor. Og eit mangfald av stemmer spør: er det rett å få barn, slik verda no utviklar seg?

Minna om barndommens trygge og utrygge rom er sterkt til stades i tankane eget gjer seg om å setje eit barn til verda. Dikta er tett på naturens grunnvilkår, på død og nytt liv, og utforskar kva føresetnader og ansvar ein har i ei verd der krig og naturtap breier om seg. Relasjonar ein ikkje trudde var viktige, blir viktigare enn nokon gong.
 
Dikta i Knut Ivar Bjørlykhaugs debutbok handlar om dei store vala, om ambivalens i ei mørk verd, men like mykje om å skape håp for framtida.
329,00 kr
Sider
95
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234017858
Knut Ivar Bjørlykhaug
Om forfattaren

Knut Ivar Bjørlykhaug

Knut Ivar Bjørlykhaug (f. 1987) er frå Sunnmøre og bur på Nesoddtangen. Han er sosialarbeidar, lærar og forskar. Barnet, elden, vatnet er den første skjønnlitterære utgivinga hans.