InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Barnebarnet: roman

Omsett frå svensk
«[Kathrine] og bestevennen Viveka fomler seg fram i en kultur så sexistisk at «fy faen» er min eneste notering på flere av sidene.»
— Klassekampen
Tredje boka i den kritikarroste Bomullskvartetten.

Da Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta flytta til Sverige, hamna i Skellefteå og opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.

I overgangen frå sytti- til åttiåra går Kathrine på gymnaset og veit i alle fall ein ting: Ho skal ikkje arbeide i tekstilen. Ikkje berre fordi det er ei ny tid, og Algots Nord styrer mot konkurs til liks med store delar av tekstilindustrien elles. Ho er sikker på at det finst ei større verd enn mors og mormors der ute. Ho lengtar bort, ikkje berre frå det innestengde livet i småbyen, men også frå morsarven, Finland og klesindustrien. Ho gir seg ut på ei planlaus reise som tar henne til storbyen Göteborg og vidare ut i Europa og verda.

Barnebarnet er tredje boka i ein kraftfull kvartett om kvinners liv, arbeid og lengt i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Ei forteljing om krig og fred, kjærleik og venskap, der kvardagsliv og verdspolitikk er trådar i same veven.

Frå svensk ved Runa Kvalsund.
429,00 kr
Sider
421
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234010095
Meiningar

Det kritikarane seier

1 omtale

«Alakoskis slektskrønike er spennende lesning. Ikke i thrillermessig forstand, men mer med historikerens og etnologens blikk. [...] Jeg venter spent på avslutningen i bind 4.»

— Fri Fagbevegelse

Susanna Alakoski
Om forfattaren

Susanna Alakoski

SUSANNA ALAKOSKI (f. 1962) debuterte i 2006 med romanen Svinalängorna, som fekk Augustprisen same året. I 2019 kom Bomullsängeln, som er første bok i ein kvartett om fire generasjonar kvinner, mødrer og døtrer, i Finland og Sverige på nittenhundretalet. Boka vart omsett til norsk i 2023, med tittelen Bomullsengelen. I 2024 kom andre boka i kvartetten, Londonjenta (svensk, Londonflickan, 2021), og no ligg tredje boka, Barnebarnet (svensk, Dotterdottern, 2024), føre. Den siste boka i kvartetten, Sverigefamilien, er venta våren 2026.

Alakoski har eit brennande engasjement for den kvinnelege arbeidarklassa, som er arbeidande og intellektuell, ofte med ein ukueleg kunnskapshunger, men samtidig strøypt av eit hardt liv. Dette engasjementet er tydeleg til stades i Bomullskvartetten.