Barne- og ungdomslitteratur: møtet med lesaren

Fagbøker

Barne- og ungdomslitteratur: møtet med lesaren

Dagens barne- og ungdomslitteratur bruker ei mengd ulike verkemiddel, det påverkar utforminga av innhaldet og lesarrolla. Perspektivet i denne boka er påverka av leik-teori, performativ estetikk og multimodal medieteori, og studentane får ei oppdatert forståing av kva barne- og ungdomslitteratur er og korleis han fungerer. Ørjasæter syner korleis lesaren blir inkludert i forteljinga, enten mediet er bildebok, teikneserie, tekstbok, lydbok eller app. Vidare ser forfattaren på samanhengen mellom den litteraturen vaksne skriv for barn og unge, og den litteraturen barn og unge skaper sjølv, som fan-fiction. Boka er skriven for studentar på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bibliotekarutdanninga.
349,00 kr
Sider
174
Utgivingsår
2018
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252195606
KØ
Om forfattaren

Kristin Ørjasæter

(f. 1959) har vore direktør for Norsk barnebokinstitutt frå 2008. Ho har doktorgrad i litteraturvitskap, var med å etablere Barnelitterært Forskningstidsskrift (BLFT) og har tidlegare arbeidd på nettstaden barnebokkritikk.no og som barnebokredaktør i N.W. Damm & Søn. Ho har også arbeidd ved Aarhus Universitet og Universitetet i Oslo. Ho har skrive forskningsartiklar om mange ulike barne- og ungdomslitterære emne og gitt ut bøker om Camilla Collett, Hanne Ørstavik, litterære sjølvframstillingar og global kunst.

Meir om Kristin Ørjasæter →