InnbundenFleire format

Generell litteratur

Arne Garborg: frå bleike myr til alveland

Arne Garborg har ein eineståande posisjon i norsk litteratur. Han skreiv truleg den beste romanen i sin periode (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa), det første store nynorske dramaet (Læraren) og nokre av dei beste essaya i norsk litteratur (Hanna Winsnes Kogebog).

Denne eineståande innsatsen hadde ein mørk bakgrunn. Faren var alvorleg sinnslidande, og då Garborg var 19 år, enda faren livet for eiga hand. Mykje av Garborgs forfattarskap handlar om å forstå kvifor dette hende. Dette traumaet, kombinert med heilt uvanleg intelligens og orienteringsevne, førte Garborg inn i dei fleste filosofiske og religiøse straumdrag i samtida. Han beveger seg frå tradisjonell kristendom til vitskapstru og religionskritikk, vender tilbake til grunnspørsmåla i tilværet, og skaper til slutt si eiga originale tolking av Jesus og Det nye testamentet. Vi kan følgje dette i meisterverk som Bondestudentar, Fred, Trætte Mænd, Haugtussa og Den burtkomne Faderen.

Jan Inge Sørbø har skrive ei medrivande og lettfatteleg bok om korleis Garborg orienterer seg i si samtid, og viser samanhengen i denne omfattande og stadig nyorienterte forfattarskapen.
429,00 kr
Jan Inge Sørbø
Om forfattaren

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er litteraturvitar, forfattar og journalist frå Bru i Ryfylke. Han er professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar med diktsamlinga Lågt skydekke i 1986 og har seinare skrive ei rekkje bøker i fleire sjangrar. Han har mellom anna skrive kritikarroste biografiar om Ronald Fangen, Alfred Hauge og Hans Skjervheim og romanar baserte på liva til Alexander Kielland, Ludvig van Beethoven og Fartein Valen. I 2009 ga han ut Ørneflukt og ormegard – ein kritikarrost biografi om Olav Aukrust, og i 2010 kom Lyset frå fars ansikt. Refleksjonar ved livets slutt. Den kritikarroste Nynorsk litteraturhistorie kom i 2017.