Armenia, Albania, Agentina: roman

Skjønnlitteratur

Armenia, Albania, Agentina: roman

I denne boka møter vi Rønnaug. Ho er norsk, ho er kvinne, ho reiser åleine. Frå land til land. Ho ser seg attende. Ho ser framover. Ho treffer nye menneske.Treffer venner og elskarar. Som er blitt eldre. Fleire venner er døde. Ho òg er blitt eldre. Rønnaug reiser gjennom feriebyar, ho reiser til farlege utkantstrøk, ho vandrar mot toppane. Det er ikkje farleg, seier ho til seg sjølv, ikkje ver redd. Rønnaug har med seg sekken, og overlevingskniven, og ho reiser vidare. Om Armenia, Albania, Argentina består av forteljingar, notat og skildringar frå reiser gjennom fleire land. I sin gjenkjennelege nøkterne stil, har Kleiva skrive ein varm og humoristisk roman om å vere på veg, utover i verda, og innover i seg sjølv.
329,00 kr
Utgivingsår
2012
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252181227
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.