InnbundenFleire format

Skjønnlitteratur

Anno asen

Omsett frå svensk
«Et skjevt smil hviler over mye av denne diktsamlingen.»
— Espen Grønlie, Krabben
I Anno asen vender Athena Farrokhzad tilbake til sentrale tema i forfattarskapen sin, denne gongen via eselet. Denne dyreverdas proletar som vi har fordumma for å kunne utnytte, denne migranten som aldri får lagt frå seg børa si. Dikta rører seg frå forteljarens kvardag til ville fantasiar om eselets ulike ansikt og lengtande songar om eit fjernt opprør. Arbeidskritikken fell saman med skildringar av døden i diasporaen, og morskapen dukkar opp i eit nytt lys under eselhoppas antropomorfe natt.

Farrokhzad sluttar seg til ein litterær tradisjon som går frå Mulla Nasreddin til Ramón Jiménez, der Tussi har blitt med i RAF og alle år er eselets.

Gjendikta av Ida Hove Solberg.
329,00 kr
Sider
114
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234013553
Meldingar

Sagt om boka

2 omtaler

«Anno asen er blant de beste skandinaviske samtidslitterære bøkene jeg har lest om kapitalistisk utbytting og politisk makt og avmakt. Samtidig er det selvsagt ikke det venstreradikale tankeuniverset i seg selv som gjør boken god, den slags har man internett og Sally Rooney-karakterer til. Med sin idérikdom og språklige tilgjengelighet minner Anno asen meg på en sannhet som gjelder for poesien så vel som politikken: ting kan være komplisert og enkelt på en og samme tid.»

— Eirik Riis Mossefinn, Morgenbladet

«Som når ein les 'Vitsvit' blir ein òg her sittande med ei samling som tydeleg inviterer til å tenka igjennom spørsmål av kulturell, av politisk art, men utan å levera ferdige svar. Slik skal det gjerast!»

— Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

Athena Farrokhzad
Om forfattaren

Athena Farrokhzad

ATHENA FARROKHZAD (f. 1983) er poet, dramatikar, gjendiktar og litteraturkritikar busett i Stockholm. Ho debuterte med Vitsvit i 2013 (Hvitverk, Kolon forlag, 2016) og denne boka er seinare utgitt på 20 språk. Ho har også gitt ut diktsamlingane Trado (2016, norsk utgåve på H//O//F i 2021) og I rörelse (2019) og gjendikta poetar som Adrienne Rich, Audre Lorde og Natalie Diaz til svensk. Ho arbeider som litteraturansvarleg på Kulturhuset Stadsteatern og gjesteforelesar i poesi ved Linköpings universitet.

Meir om Athena Farrokhzad →