Animasjon
Hefta

Animasjon

elden sleikjer innsida av låra på veg opp trappene i mitt lukka land overlever ingen og eg er ei av dei det hender med meg og det er eg som hender det
429,00 kr
Rønnaug Kleiva
Om forfattaren

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (f. 1951) er forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Ho debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon, og har seinare gitt ut over 30 bøker i forskjellege sjangrar for vaksne og barn. For Plutseleg no fekk Kleiva i 1990 Noregs mållags barnebokpris. Ikkje gløym å klappe katten blei prisa med både Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker og Kulturdepartementets barnelitteraturpris i 1997. I tillegg har Kleiva fått Samlagsprisen (1998) og Sigmund Skard-stipendet (2003). Ho var festspeldiktar under Festspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010.

Bøkene til Kleiva er omsette til blant anna gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk. Kleiva er i tillegg med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk, og er representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule. Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.