Anders Hovden
Innbunden

Anders Hovden

Han gav ut tre salmesamlingar og preikesamlingar, og saman med Støylen og Hognestad stod han bak Nynorsk salmebok (1928). Ho hadde 128 salmar av Hovden og 81 som han hadde gjendikta, og heile 34 vart med i Landstads reviderte. Både i målsak og i teologiske spørsmål var han så markant at det stundom kom protestar når han søkte nye kall. Men når han først var tilsett, vart han ein overmålte avhalden prest, anten det var i Vanse på Lista, i Krådsherad, i Melhus, eller på østre Toten. Hovden var heile livet sterkt engasjert i det frilyndte ungdomsarbeidet, skreiv talrike artiklar i blad og var ein populær talar i store og små forsamlingar. Hovden fekk diktarlån i 1931.

Jens Kåre Engeset (f. 1930), har budd det meste av livet i heimbygda til Anders Hovden og skrive artiklar om lokalhistoriske emne frå Volda/Ørsta. I biografien om Hovden Engeset aust or mange nye kjelder og laga ei levande forteljing om den songglade og markante diktarpresten. Og sjølv om den populære Hovden hadde sine røter på Sunnmøre, er det talrike vitnemål om at han var kjend, omstridd og kjær over heile landet.

Mange av fotografia i boka har ikkje tidlegare vore publiserte.
499,00 kr
Jens Kåre Engeset
Om forfattaren

Jens Kåre Engeset

Jens Kåre Engeset (f. 1930) har mykje av sitt yrkesaktive liv vore knytt til Høgskolen i Volda, 1985-1995 som undervisningsleiar ved avdelinga for lærarutdanning. Gjennom 35 år var han styreleiar for Ivar Aasen-tunet/museet, og har gjennom åra publisert ei rad artiklar med lokalhistorisk stoff frå Ørsta/Volda. I biografien om Anders Hovden har Engeset aust or mange kjelder og laga ei levande forteljing om den songglade og markante diktarpresten. Engeset er sjølv på morssida i slekt med Hovden-folket, og har fått tilgang til nye kjelder og mange upubliserte foto. Engeset har arbeidd med Hovden i vel 30 år, men mest intenst etter at han pensjonerte seg i 1995. I 2001 vart han tildelt Kulturprisen for Ørsta.

Meir om Jens Kåre Engeset →