Alt som er: roman
E-bok

Skjønnlitteratur

Alt som er: roman

Romanen handlar om ein familie i tre generasjonar og dei livsvala dei tek. Morfaren til Mariann, Lluis valde å forlate den kvinna han elska i Marokko. Mor hennar, Maria, valde å følgje den unge arkitekten ho forelska seg i, til Noreg. Har Mariann noko val? I det rommet som blei til overs då oldefar til Mariann bygde tømmervillaen på Vindern tårnar alle løyndommane og sanningane om familien Storm-Eriksen seg opp. Det er staden der alt som er og ikkje er, det som lever og det som blei borte, får plass.
329,00 kr
Utgivingsår
2011
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252176568
Brit Bildøen
Om forfattaren

Brit Bildøen

(f. 1962) debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Ho er også verksam som omsetjar. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er blitt tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lyttaranes romanpris for Sju dagar i august (2014), som også vart nominert på langlista til Dublin Literary Award. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.