Skjønnlitteratur

Aljamarkir: skrifter og fiksjoner

Om menneska og ritane. Ein mann skal skrive minneord over faren, og kjem på at dei aldri kjente kvarandre. Ein annan mann driv og dett frå kvarandre. Ei kvinne reiser til Shetland for å søke sitt opphav. Eit ekorn spring med spitord mellom Vengjekongen og Rotgnagaren. Goksøyr lar dei store perspektiva møte dei små menneska og skriv både humoristisk, nysgjerrig, leikent og poetisk. Relasjonar og kommunikasjon, ikkje minst mellom foreldre og barn, står sentralt i tekstar som går føre seg i mytisk urtid og vår eiga samtid. Det handlar om å lengte og å leite, om opphav, avstand og forsoning.
329,00 kr
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002731
Odd Goksøyr
Om forfattaren

Odd Goksøyr

(f. 1952) er oppvaksen på Runde, no busett på Hareid. Han debuterte i 1976 med diktsamlinga Ein av dei vanlege dagane. Han har gjendikta Robert Blys Den natta Abraham ropte til stjernene (2014) og Dei dømde meg til tusen år i glede (2015) og Christine De Lucas Glimt av opphav (2017).