Aldri kome tilbake: roman

Skjønnlitteratur

Aldri kome tilbake: roman

Brevroman om krig, kjærleik og svik. Ei ulukke tvingar den aldrande Daniel til å skrive eit brev til barnebarnet. Han leitar etter forklaringar på det opprivande som nettopp har skjedd. Forteljinga grip tilbake til byrjinga av den andre verdskrigen, då motstanden mot okkupantane for alvor tok til, og mennene som stod Daniel nærast, brått blei borte. «Aldri kome tilbake» er ein gammal manns forsøk på å nærme seg barnebarnet gjennom ei hudlaus skildring av eige liv, ikkje minst forholdet til kona Beate. Romanen tematiserer svik, skuld og behovet for å finne meining i det vonde. Men framfor alt skildrar romanen eit menneske som aldri sluttar å leite.
329,00 kr
Utgivingsår
2019
Språk
Nynorsk
ISBN
9788252198447
Øystein Orten
Om forfattaren

Øystein Orten

 

(f. 1962) kjem frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med diktsamlinga havflammen i 1995, og har sidan skrive både romanar, novellesamlingar og dokumentarbøker. I bøkene sine kombinerer han ofte historisk kunnskap, menneskeleg innsikt og sosialt engasjement. Når han ikkje skriv bøker, underviser han på Ulstein vidaregåande skule.