Æresdrap
Innbunden

Æresdrap

Æresdrap er ei avslørande og tragisk forteljing om øydelagde liv. Den kjente tyrkiske journalisten Ayse Onal har intervjua menn som har drepe mødrer, søstrer og døtrer, og lar oss slik komme nær innpå motiva og kjenslene deira. Ho rullar opp bakgrunnen for morda og vi får innblikk i kultur, samfunn, familiar og menneskeliv som kanskje verkar framande, men som altså finst i vår eigen verdsdel.

Dette er forteljinger til å bli klok av. Boka er eit unikt historisk dokument som gjer lesaren i stand til å forstå kva menneske kan drive det til i æras namn.

Boka er basert på Onals dokumentarserie «Våre menn» som blei vist på den tyrkiske tv-stasjonen Star TV i 2006.

Boka er omsett frå engelsk ved Aud Søyland.
429,00 kr
Ayse Onal
Om forfattaren

Ayse Onal

Ayse Onal er journalist og har arbeidd med tyrkisk politikk, organisert kriminalitet og konfliktar i Midtausten i over 20 år. Ho har blitt trua av islamistar, hatt namnet sitt på dødslister, blitt arrestert og skoten på. Ho blei forsøkt svartelista av tyrkiske myndigheiter, men fekk i staden stor suksess som ankerkvinne i eit tv-program som særleg fokuserte på minoritetanes status i Tyrkia. Etter 2000 har ho budd i London, der ho mellom anna er spaltist i britisk presse. I 1996 mottok ho The International Women’s Media Foundation Courage in Journalism Award.

Meir om Ayse Onal →