Absolutt viking
Innbunden

Absolutt viking

Absolutt viking innheld dei beste bileta frå dette unike fotoprosjektet. Vikingeksperten og den velkjende kåsøren Ivar Eskeland har plukka sitat frå Sagalitteraturen som kommenterer bileta på ein svært effektiv og ofte humoristisk måte.

Chepstow-Lusty har mellom anna vore på vikingfestivalar i Spania, på Shetland, i Polen, England og Usa, innimellom si fotografiske vandring i den norske vikingkulturen og dei norske vikingmiljøa.

Vikingane har alltid apellert til fantasien, og stadig fleire er i dag opptekne av å halde vikingkulturen ved like på ulike vis. For mange er _x0094_viking_x0094_ blitt ein livsstil.

499,00 kr
LC
Om forfattaren

Lill-Ann Chepstow-Lusty

Lill-Ann Chepstow-Lusty (f. 1960) er halvt britisk og halvt norsk, og er utdanna ved Eastbourne College of Art and Design i Sussex. Med sin britiske bakgrunn ser ho nordmenn og den norske kulturen med litt andre auge enn vi gjer - ho er like mykje antropolog som fotograf. Ho har tidlegare vekt oppsikt med fotoboka Norge - helt Texas(1992), om norske cowboyar, og fotoboka Kroppens sug, hjertets savn (1985), om frodige kvinner.