Last ned omslag

Bla-i-boka

Absolutt Pode

Tor Arve Røssland

Samleutgåve med dei populære Pode-bøkene

Tor Arve Røsslands bøker om Pode er moderne barnebokklassikarar som har blitt svært populære. No kjem dei i ei flott samleutgåve i høve Røsslands 20-årsjubileum som forfattar. Her får du dei fire første Pode-bøkene: Pode, Pode mister fotfestet, Pode får snue og Anti- Pode. I tillegg inneheld samleutgåva to nye Pode-forteljingar illustrert av Øyvind Torseter.

Bøkene om Pode er underfundige og morosame og var med på å etablere Røssland som ein populær barnebokforfattar. I Pode må seksåringen Pode og familien ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå. I Podekast risikerer Pode livet når turistsjefen vil underhalde gjestene. I Pode mister fotfestet finn vi ut kva som skjer når ein mister alle dei fire framtennene samstundes. I Anti-Pode, skal Pode feire jul. Faren skal bake femti sortar julekaker, og mora skal syngje femti julesongar. Men Pode, han har det ikkje bra i det heile. I Pode får snue får Pode høysnue. I tillegg er nokon ute etter han. I Da Vinci-poden får Pode uventa hjelp når han er i nød på eit kunstmuseum.


ISBN: 9788234002076

Kategoriar: Alle bøker, Barne- og ungdomsbøker, Nyheiter og populære bøker, Tor Arve Røssland,

Emneknagg: 2020, Nyheit,

Sjanger: 6-9 år


Meir frå Tor Arve Røssland