Skjønnlitteratur

Å: dikt

«... en fabelaktig bok!»
— Krabben
Ei vandring langs ei lita elv, ei utforsking av livet ho ber med seg, og livet som omgir henne, på leiting etter håp i ei vanskeleg tid. 
 
I dette langdiktet vert lesaren invitert med på 

å følgja 
 
åa frå a til å – 
frå ås til os, om skog- 
holt og langsmed eng 
 
 
for å lytta til elvas song: 
 
 
gullvokal og sølvsjølv- 
lyd i elvestemme 
å-mål og fosserøyst 

 
Å er ein lyrisk hydrografi, eit vitnesbyrd frå vatnet om natur i endring. 
 
Den tredje diktsamlinga frå Thor Magnus Tangerås er umiskjenneleg «Tangeråsk»: stilsikker og leiken, eit forsøk på å gi språk til noko som ikkje har språk, denne gongen elva.
299,00 kr
Utgivingsår
2025
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015885
Meiningar

Det kritikarane seier

2 omtaler

«Det er inspirerende å lese denne boka, med alle dens viltre kast og digresjoner, dens ordspill og lekende lærdhet.»

— Krabben

«… gjennom boka glid tone- og stemningsleiet sjølvsikkert og mest umerkeleg mellom det uhøgtidelege og det høgstemde, det truskuldige og det sjølvmedvitne, det leikande og tanketunge.»

— Klassekampen

Thor Magnus Tangerås
Om forfattaren

Thor Magnus Tangerås

Thor Magnus Tangerås (f. 1972) kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Westerdals institutt for kreativitet, forteljing og design ved Høyskolen Kristiania. Tangerås forskar på korleis litteraturen kan forandra oss, og har mellom anna gitt ut boka Literature and Transformation. A Narrative Study of Life-Changing Reading Experiences (Anthem Press, 2020). Han debuterte med diktsamlinga Ø i 2022. Han har seinare gitt ut samlinga Landskap med vindturbinar, og i 2025 fekk han Bokhandelens forfattarstipend. Å er den tredje diktsamlinga hans.