InnbundenFleire format

Barn og ungdom

31 dagar i oktober: roman

9–12 år
Det nærmar seg halloween, men Odin gler seg ikkje. Han har motvillig takka ja til å spele solo på korpskonserten, og på skulen skal dei ha gruppearbeid, noko han hatar. For kven vil vere på gruppe med tause, rare han?

I tillegg skjer det mystiske ting i bygda, ein kappekledd person går rundt og lokkar barn til seg. Kan det ha samanheng med den gamle segna, den om heksa i Skoglia, ho som bortførte og åt barn? Saman med Sigrid og Julie, som han er på gruppe med, begynner Odin å undersøkje historia. Men kven er det som følgjer med på alt dei gjer, og som har skumle planar for halloween?

31 dagar i oktober er ei grøsseleg spennande nedteljingsbok for alle barn som gler seg til halloween.
Boka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
329,00 kr
Sider
169
Utgivingsår
2026
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234015267
Guro S. Auganes
Om forfattaren

Guro S. Auganes

Guro Storløkken Auganes (f. 1979) bur i Oslo med sambuar, to barn og to kattar. Ho har tidlegare gitt ut barneboka Katteskriket (2024). 31 dagar i oktober er den andre boka hennar.